RSS

Kategoriarkiv: canada

Peter May – DRAPET PÅ ENTRY ISLAND

Spenning på Canadakysten

Ein rik forretningsmann vert drept på ei isolert engelstalande øy, midt i den franskspråklige Quebec-provinsen. Politiet vert sendt frå fastlandet i Montreal, og betjent Sime Mackenzie er med fordi han snakkar engelsk.

Alt tyder på at det er kona til James Cowell, Kirsty, som er den skuldige, men når Sime møter henne, får han ei kjensle av at dei to kjenner kvarandre frå tidlegare, sjølv om han er sikker på at dei aldri har møttes.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar rural krim, innhylla i mystikk.

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/03/2020 tommar canada, gamle dagar, may, politi, quebec

 

David Baldacci – FRELS OSS FRA DET ONDE

Samlebandsthriller

Agenten Shaw er i Frankrike for å stoppe den mystiske Evan Waller: Ein mann som har gjort seg svært rik på kriminalitet, men som no har vorte for farleg, og må stoppast.

Men Shaw er ikkje den einaste som er ute etter Waller, og dei to agentane står i fare for å gå i vegen for kvarandre i jakta.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/09/2017 tommar agent, baldacci, canada, frankrike

 

Melanie McGrath – ISKALD GLØD

iskaldglødHadde aldri høyrt om denne boka då den vart plukka opp på tilbod, men omslaget lovar bra.

Og boka skuffar heller ikkje. Handlinga er lagt til den arktiske delen av Canada, der læraren og guiden Edie, er ute på jakttur med to turistar, og den eine vert skoten og døyr. Det heile vert avfeid som ei jaktulykke, men Edie er sikker på at det er feil, og med meir eller mindre hjelp av den lokale politimannen, prøver ho å finne ut av det.

Ein spennande og ikkje minst stemningsfull historie, der det harde og for oss, annaleise livet vert glitrande skildra.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/04/2014 tommar arktis, canada, inuitt, jakt, mcgrath, politi

 

Alan Bradley – DØDEN HENGER I EN TRÅD

Bok nummer to i serien om Flavia de Luce.

Denne gongen er det ein omreisande dokketeatermann frå BBC som vert drepen, etter at han og assistenten hans dukkar opp i den vesle landsbyen til Flavia.

Som vanleg tek 11-åringen på seg saka, og løyser den raskare og bedre enn det lokale politiet klarer.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/09/2011 tommar barn, bradley, canada, england

 

Alan Bradley – DET SØTE I BUNNEN AV KAKEN

11-år gamle Flavia de Luce bor på ein stor herregard saman med faren, dei to usmaklege systrene, og ei kokke og ein gartnar. Faren er frimerkesamlar, og ein dag finn Flavia ein død fugl med eit sjeldent frimerke i nebbet. Deretter dukkar det opp ein død mann i agurkbedet deira.

Flavia skjønar ho er på sporet av ei sak.

Alan Bradley fekk Dagger Award i kategorien for beste krimdebutant for denne boka allereie i 2007, sjølv om den ikkje vart gitt ut før i 2009

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/04/2010 tommar barn, bradley, canada, england

 

Stef Penney – I ULVENS SKYGGE

Me er ein gong midt på 1800-talet i Canada. Ein einstøing som brukar å handle med pelsjegrar vert funnen drepen og skalpert i hytta si.

Samstundes forsvinn ein 17 år gammal gut frå bygda, og alle reknar med det er på grunn av at han er gjerningsmannen.

Mora hans er ikkje i tvil om at sonen er uskuldig, og prøver å finne han før politiet finn han.

(2008)

Les meir