Under eit verkelegheitsprogram a la Big Brother, vert ein av deltakarane drepne.
I staden for å avslutte programmet, overtalar produsenten deltakarane om å halde fram. Dermed må etterforskarane finne ut kva som skjedde medan programmet går.
Boka er skriven på ein veldig spesiell måte, der forteljinga hoppar fram og tilbake i tid, mellom tida inne i huset frå starten av, og tida etterpå, under etterforskinga.
Me får heller ikkje vite kven som er drepen før halve boka er ferdig.
Det er litt vanskeleg å kome inn i ting dei fysste 20-30 sidene, men etter at du har forstått handlingsmønsteret, er resten av boka glimrande.
(2001)
Vurdering:
Plottet – 8
Historia er veldig bra, og emnet var også veldig i tida då boka kom ut.
Karakterane – 8
Klassiske realitydeltakarar, veldig godt beskrevne. Ben Elton er jo ein ordsmed, som veit å male fine bilder.
Miljøskildring – 8
Ei god skildring av eit realityprogram, sjølv om det kanskje ikkje er det mest romantiske scenarioet ein kan tenke seg.
Språket – 7
Ben Elton skriv veldig bra, men har ein tendens til å koke litt mange historier saman på kort tid. Det er til tider litt for mykje hopping fram og tilbake.
Starten – 3
Starten er kanskje det som dreg mest ned, rett og slett fordi det vert for uoversiktleg. Det er mange folk, og kryssande historier, og det er veldig vanskeleg å kome inn i ting.
Sidesnuing – 7
Når ein fyrst kjem i gong, er det vanskeleg å legge ned boka. Men i byrjinga slepp ein det problemet…
Tempo – 7
Som punktet over. Når ein fysst får opp tempoet, så held det seg oppe.
Forutsigbarheit – 9
Det er veldig vanskeleg å sjå kva som kjem rundt neste hjørne, og mange gode tvistar heile vegen.
Den gode kjensla – 6
Det er spennande, men likevel er boka sett i eit lite sjarmerande miljø, og ein føler det er noko som manglar.
Avslutninga – 8
God avslutning, stilreint og fint.
TOTAL: 7,1
One response to “Ben Elton – DEAD FAMOUS”