Den andre boka i Aberystwyth-serien. Kom over den ved ei tilfeldigheit, og burde sjølvsagt ha lest nummer ein fyrst.
Serien handlar om noir-detektiven Louie Knight, som leitar etter rektoren på gravferdsfakultetet, som har forsvunne. I tillegg forsvinn dama hans, songarinna Myfanwy Montez, gymlæraren Herod og den kriminelle mesterhjerna; tenåringen Brainbocs.
Ei glimrande bok, som ein vert hekta på allereie frå dei fysste sidene. Det er eit nytt univers å setje seg inn i, men når du skjønar Aberystwyth-universet, så virkar boka genial.
(2003)
Vurdering:
Plottet – 7
Eit ganske bra plot, men det er mykje å setje seg inn i til å byrje med.
Karakterane – 8
Noir-karakterane er gode og klassiske, og forholdsvis ukompliserte
Miljøskildring – 9
Boka skildrar ein noir-versjon av den walisiske byen Aberystwyth, som nok ser ein heil del annaleis ut i verkelegheita enn i forfattaren si framstilling.
Språket – 8
Bra språk, og god flyt.
Starten – 6
Boka startar bra, men er tung, fordi det er så mykje å setje seg inn i.
Sidesnuing – 8
Ettersom boka kjem i gong, og me er inne i miljøet, så flyg sidene av garde.
Tempo – 8
Litt som i punktet over. Det er ikkje eit forrykande tempo i historia, men det går kjapt og det er bra driv.
Forutsigbarheit – 7
Mykje fine overraskingar, og i noir-sjangeren kan forfattaren ta seg litt meir friheiter enn i ein vanleg krim.
Den gode kjensla – 8
Boka er bra den, litt rar, men den kjennes som noko heilt nytt og annaleis når du les den.
Avslutninga – 8
Avslutninga er like bra som resten av boka.
TOTAL: 7,7
2 responses to “Malcolm Pryce – LAST TANGO IN ABERYSTWYTH”