RSS

Dorothy L. Sayers – DØDSKLOKKENE

16 Jul

Dette er ein britisk påskekrim av det klassiske slaget. 

Eit lik vert funne i ein liten landsby. Landsbyen har ein gjeng klokkeringarar, og høgdepunktet i bygda er når dei ringjer kyrkjeklokkene kvar søndag.

Så finn dei eit lik, skulle du sett.

Hovudpersonen er helten Lord Peter Wimsey, som er med i mange av bøkene til Sayers.

Spennande bok, men litt mykje detaljar om klokkeringing undervegs. Vanskeleg å forholde seg til dersom du ikkje er spesielt interessert.

(1934)

Vurdering:

Plottet – 6
Klassisk britisk, men ein merker at den ikkje her heilt ny, og framstår kanskje som litt meir overfladisk og lett i stilen enn det me har vorte vane til dei siste åra.

Karakterane – 6
Litt som over. Det er klassiske britiske karakterar, men det føles litt gammaldags. (Også samanlikna med andre bøker frå same tidsepoke; Christie feks.)

Miljøskildring – 8
Du får den gode påskekrimkjensla her, og omtalen av den dystre, mørke landsbygda i uvêr er veldig stemningsfull.

Språket – 7
Igjen er det tydeleg at boka vart skriven i 1934. Den manglar driven som er i moderne krimbøker, men likevel er språket med på å skape den rette stemninga.

Starten – 4
Den er litt seig i byrjinga, og det er ikkje før me er litt ute i boka at spenningsnivået tek seg opp nokon lunde.

Sidesnuing – 5
På sitt beste er den veldig bra, men på sitt verste tenker ein at ein like godt kan legge den frå seg. Mykje bedre mot slutten.

Tempo – 6
Tempoet passar eigentleg til historia, men dessverre er det litt mykje utenomsnakk som gjer at det til tider går veldig sakt. Spesielt alle detaljane om klokkeringing føles litt i overkant, om ein ikkje er spesielt interessert.

Forutsigbarheit – 7
Det er nokre fine vendingar, men boka er litt meir rett fram, noko som igjen speglar dåtida sin forteljarstil.

Den gode kjensla – 7
Du får ei god påskekjensle av landskapet og miljøet er veldig stemningsfullt skildra. Men det vert litt for omstendelig til å kunne kallast ei kanonbok.

Avslutninga – 7
Grei og fin

TOTAL: 6,3

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 16/07/2005 in england, grøss, klassisk britisk, sayers

 

One response to “Dorothy L. Sayers – DØDSKLOKKENE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: