RSS

Malcolm Pryce – ABERYSTWYTH MON AMOUR

25 Jul

Dette er den fysste boka i serien om noir-detektiven Louie Knight. Skulegutar forsvinn over heile byen, og walisisklæraren og leiaren for druidene, Lovespoon, driv og bygger eit kjempebygg ved skulen. Og så er det sjølvsagt ei kvinne inne i bildet. Songarinna Myfanwy. Ein draum av ei kvinne, utan sidestykke, i følge Knight.

Nok ei glimrande bok i denne serien, når ein kjem inn i det. I og med at eg fysst las bok nummer 2, så er store delar av persongalleriet kjent allereie. Fin vri av verkelegheita, både tidsmessig og faktamessig.

Kanskje ikkje like bra som Last Tango in Aberystwyth, men likevel flott.

(2001)

Vurdering:

Plottet – 7
Bra og innfløkt historie. Litt lettare å sette seg inn i det når ein har lest ei bok i serien allereie.

Karakterane – 8
Som i forrige bok, er karakterane gode og innfløkte.

Miljøskildring – 8
Igjen vert den dystre walisiske byen presentert gjennom Pryce sine auger, med iskremselgarar, esel, campingplassar og druidar. Rart, men veldig bra.

Språket – 7
Pryce skriv bra, sjølv om det er litt mykje utenomstoff av og til.

Starten – 7
Ein god, men innvikla start. Mykje lettare når ein kjenner til universet.

Sidesnuing – 7
Litt opp og ned, men stort sett veldig bra.

Tempo – 7
Tempoet er ganske bra, men det er litt mykje ting ved sidan av sjølve saka som gjer at det går litt trått her og der.

Forutsigbarheit – 8
Veldig bra. Mange fine tvistar

Den gode kjensla – 7
Ganske bra. Boka er rar og miljøet er litt dystert, men bra fortalt og gode vendingar. Ei litt annaleis godkjensle enn i den klassiske krimen, kanskje.

Avslutninga – 8
Avslutninga står i stil.

TOTAL: 7,4

Reklame
 
2 kommentarar

Posta av den 25/07/2005 tommar aberystwyth, detektiv, noir, pryce, wales

 

2 responses to “Malcolm Pryce – ABERYSTWYTH MON AMOUR

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: