RSS

Malcolm Pryce – THE UNBEARABLE LIGHTNESS OF BEING IN ABERYSTWYTH

29 Jul

Den tredje og hittil siste boka om Louie Knight, og forfattaren har tydeligvis fått blod på tann. Boka er nemlig ein del lenger enn dei to fysste, det er like mange sider, men boka har vorte fysisk større.

Denne gongen skal detektiven hjelpe ein mann med lirekasse og ape, som har mista hukommelsen og har ein koffert som han ikkje tør opne. Myfanwy bur no på ein kvileheim etter det som skjedde i forrige bok, og vert kidnappa derfrå.

Boka er litt annaleis enn dei to forrige, som er vanskelege å toppe. Det vert kanskje litt for mykje stæsj i denne boka, og for mykje ny absurditet, i forhold til det me fekk servert i dei forrige.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 6
Like innfløkt som tidlegare, kanskje litt i overkant no. Det er eit skille frå dei to fyrste bøkene til denne her.

Karakterane – 8
Karakterane er framleis fine og kompliserte.

Miljøskildring – 7
Pryce er flink til å skildre mijlø, men av og til bikkar det litt over her, og det absurde vert for dominerande.

Språket – 7
Godt språk, men litt utsvevande historier.

Starten – 6
Starten er bra, men er kanskje litt innfløkt om ein ikkje har lest dei andre bøkene? Vanskeleg å seie, men kan kanskje tru at det er lurt å lese disse i rekkefølge.

Sidesnuing – 7
Som i dei andre bøkene i Aberystwythserien så er det litt opp og nede med dette punktet.

Tempo – 7
Som vanleg er Pryce litt for glad i gli ut av hovudhistoria, og det er mykje absurde detaljar inne i bildet.

Forutsigbarheit – 8
Det er ikkje mykje å utsetje på dette. Det er mykje overraskande og uventa og usannsynleg som skjer.

Den gode kjensla – 6
Litt mindre enn i dei to fyrste bøkene. Det kan vere at det vert for mykje noir over den, og at det vert for mykje nye, rare ting frå dei to fyrste bøkene.

Avslutninga – 7
Avslutninga gjer ikkje skam på resten av boka.

TOTAL: 6,9

Advertisements
 
2 kommentarar

Posta av den 29/07/2005 in aberystwyth, detektiv, noir, pryce, wales

 

2 responses to “Malcolm Pryce – THE UNBEARABLE LIGHTNESS OF BEING IN ABERYSTWYTH

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: