RSS

Unni Lindell – RØDHETTE

11 Aug

Historia om tre systre frå Tromsø. Ei av dei tek livet av menn ho møter, over ein lav sko. Lisbeth er sjukepleiar i Tromsø, Carol er stoffmisbrukar/alkoholikar og Judith er fotograf i Oslo. Fysste halvdelen av boka er spennande, fordi du lurer på kven som er mordaren, og etter at me får svaret midtvegs, held spenninga seg, då du lurer på kven andre ho kjem til å ta livet av.

Dette er den fysste Unni Lindell boka eg har lest, og må seie at den var bedre enn venta.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 7
I utgangspunktet ei litt uspennande historie, men den tek seg opp ganske bra.

Karakterane – 5
Heilt greie. Ikkje noko å skrive heim om, men ikkje dårlege heller. Har spesielt sansen for den pensjonerte politimannen.

Miljøskildring – 7
Heilt greit skildra. Både frå 60-talet utanfor Tromsø, og notida.

Språket – 7
Språket er heilt greit, Lindell har gjort dette før.

Starten – 7
Starten er bra.

Sidesnuing – 5
Her er kanskje det som dreg mest ned. Det er litt for varierande.

Tempo – 6
Tempoet er ok. Skulle ønske det var litt meir framdrift her og der.

Forutsigbarheit – 7
Mykje fine tvistar. Ein av styrkane til boka.

Den gode kjensla – 6
Den kjem av og til, men dessverre ikkje ofte nok. Dette er ei av dei få bøkene som ikkje har vorte anbefalt, eller der omslaget har seld den inn. Dette var rett og slett eit ønske om å lese noko med Lindell. Og det var ei heilt grei oppleving.

Avslutninga – 7
Avslutninga leverer i forhold til resten.

TOTAL: 6,4

 
2 kommentarar

Posta av den 11/08/2005 tommar lindell, norge

 

2 responses to “Unni Lindell – RØDHETTE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: