Skuggar frå krigen
Den tredje boka til Nesbø tek historiene om Harry Hole til ein ny dimensjon.
Det byrjar med at Hole skyt ein amerikansk Secret Service mann under besøket til president Bill Clinton. Deretter vert han overført til ei ny avdeling, der han jobbar med våpensmugling og nazimiljø.
Her kryssar ei historie frå krigen med ei rekke ugjerningar i dagens Oslo. I tillegg kjem det inn ein smak av Bernhard Borge når ein av dei mistenkte har splitta personlegheit…
Mykje meir omfattande enn dei forrige to også, med fleire historier, og omtrent dobbelt så lang. Men fengande heile veien. Kanskje til og med bedre enn Flaggermusmannen.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar omfattande historier som vert nøsta i hop til slutt.
(2001)
Vurdering:
Plottet – 10
Harry Hole får eindeleg ei sak han skal løyse i Norge. Og plottet er endå meir intrikat enn tidlegare. Gode historier som er vevde inn i kvarandre.
Karakterane – 9
Nesbø gir oss eit stadig sterkare persongalleri.
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Lettlest og fint. Rett på sak, og ikkje mykje dikkedarier.
Starten – 9
Sidesnuing – 9
Her er det framdrift heile vegen. Ein cliffhanger i den eine historia vert etterfulgt av ein i ei parallell historie. Og slik held det fram.
Tempo – 9
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Her er me nesten tilbake på Flaggermusmannen. Denne boka er totalt sett bedre, sjølv om gleda over å oppdage noko så nytt og bra den gongen, løfta leseopplevinga.
Avslutninga – 10
TOTAL: 9,0
One response to “Jo Nesbø – RØDSTRUPE”