RSS

Jo Nesbø – SORGENFRI

25 Mar

Den fjerde boka. Denne gongen er det ein bankranar som skyt ei av dei ansatte i banken. Men Harry Hole synes det er rart at gisselet vert skota, når resten av ranet går så prikkfritt.

Hole vender seg til ein sigøyner og tidlegare bankranarlegende for å få hjelp i saka.

Nesbø vert bedre og bedre. Spennande frå start til mål. Og me vert kjende med nye, spennande karakterar.

(2002)

Vurdering:

Plottet – 9
Ei god og spennande historie som veks undervegs.

Karakterane – 9
Nesbø har ei unik evne til å fortelje, både om karakterar og miljø

Miljøskildring – 9
Sjå over.

Språket – 10
Ein heilt annen standard for å skrive krim. Vert bedre og bedre.

Starten – 9
Det er action frå start til slutt.

Sidesnuing – 8
God framdrift og veldig spennande, men ikkje heile vegen. Me får nokre pustepauser.

Tempo – 8
Som over.

Forutsigbarheit – 9
Ingen ting å utsetje på dette punktet, men heller ikkje det vesle ekstra som ville gitt toppkarakter.

Den gode kjensla – 9
Ein samanlignar jo sjølvsagt boka med dei tidlegare, og denne er heilt i toppen, men trur kanskje eg likte Rødstrupe hakket bedre, på grunn av måten den var skrudd saman på.

Avslutninga – 9
Igjen, Harry Hole leverer til siste side.

TOTAL: 8,9

 
Éin kommentar

Posta av den 25/03/2006 tommar bankran, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

One response to “Jo Nesbø – SORGENFRI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: