RSS

Jo Nesbø – MAREKORS

29 Mar

Jauda, enda bedre enn den forrige. Denne gongen er det fleire jenter som vert drepne i Oslo ein heit sommar, samstundes som Harry Hole må jobbe med sin verste kollega igjen; Tom Waaler.

Det hjelp lite at Hole er tilbake hjå kong alkohol, og også er på veg ut av politikorpset, og ting skjer jamnt. Forholdet til Rakel hanglar også, og han vert kasta ut av Schrøder.

Eg las boka på to kveldar, ca 200 sider kvar kveld. Givande.

(2003)

Vurdering:

Plottet – 9
Spennande historie. Fleire kvinner vert drepne, med ein finger kutta av. Fingrar uten eigar dukkar også opp på politikontoret.

Karakterane – 9
Fleire av karakterane har me vorte godt kjende med tidlegare, og enten ein liker dei eller ikkje, er dei gode og har fleire dimensjonar.

Miljøskildring – 8
Som alltid eit stilreint bilde av hovudstaden.

Språket – 10
Få kan samanlignast med dette.

Starten – 9
Du vert ikkje skuffa.

Sidesnuing – 10
Denne boka vert meir og meir spennande utover.

Tempo – 9
Sjå over.

Forutsigbarheit – 9
Akkurat som ein krim i verdsklasse skal vere.

Den gode kjensla – 9
Sannsynlegvis den beste boka om Hole så langt. Sjølv om Sorgenfri og Rødstrupe hadde noko heilt ekstraordinært i seg, så er spenninga i denne boka noke heilt for seg sjølv.

Avslutninga – 9
Avslutninga vil slå beina unna deg. Om du ikkje står veldig stødig, i alle fall.

TOTAL: 9,1

 
3 kommentarar

Posta av den 29/03/2006 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

3 responses to “Jo Nesbø – MAREKORS

  1. Anonymous

    30/03/2006 at 16:12

    Nå er det mye syvere her mister

     
  2. Ingrid Sofie

    03/12/2006 at 21:29

    =) en sekser i hvert fall!

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: