Ein kjend arkitekt og kona vert funne døde i heimen sin, mens son deira overnattar hjå naboen. Det virkar som drap og sjølvdrap, men arkitekten har drukke kaustisk soda, og han har han ein lapp med ein kryptisk beskjed i handa. I kjølvatnet av dette dukkar fleire sjølvmord opp, og Falcon nøstar i kjend stil opp i fleire mørke skjebner i Sevilla.
Robert Wilson skriv krim i verdsklasse, det er ingen tvil om det. Men den forrige boka var tøff å følge opp, og denne her leverte dessverre ikkje varene på samme måten.
(2004)
Vurdering:
Plottet – 8
Historia er både spennande og god
Karakterane – 9
Som i den forrige Falcon-boka, så er det eit godt persongalleri.
Miljøskildring – 8
Eit skritt nærare å verte kjend med Sevilla, sjølv om ein ikkje kjem heilt under huda på byen.
Språket – 8
Samme som forrige bok. Lettlest og god flyt, men irriterande med alle desse spanske glosene som er innimellom. Me skjøner at dei er i Sevilla sjølv om ein ikkje skriv spanske ord på kvar side.
Starten – 9
Det startar bra, som i den forrige boka.
Sidesnuing – 8
Veldig spennande, men av og til fell intensiteten litt.
Tempo – 8
Litt som over. Som regel veldig bra, men det hanglar litt her og der.
Forutsigbarheit – 9
Wilson er full av intelligente plott og vendingar.
Den gode kjensla – 8
Ikkje så bra som den forrige Falcon-boka, men likevel ein framifrå krim.
Avslutninga – 9
Held nivået til resten av boka.
TOTAL: 8,4
One response to “Robert Wilson – DE FORSVUNNE HENDENE”