RSS

Frank Schätzing – SVERMEN

12 Feb

Ein ny mark vert oppdaga på botnen av nordsjøen. Ein fiskar forsvinn i havet utanfor Sør-Amerika. Kvalar angrip turistar ved kysten av Alaska.

Verda går under, og me vert angripne av vesen frå havbotnen.

Til tider veldig bra, til tider veldig fagleg, og til andre tider igjen; ikkje so realistisk. Alt i alt er den OK, men det vart mykje skumming gjennom sider når det vart for mykje fagprat om olje og hav.

Ein liten kuriosa her, er at sjølv om forfattaren er tysk, så er hovudpersonen, Sigur Johanson, frå Trondheim, og mykje av handlinga er frå Trondheim, Kristiansund og Averøya.

Den tjukkaste boka eg har lest. Ca 1000 sider, med som sagt, mykje skumlesing.

PS: Etter at eg hadde lest denne boka, har det med jamne mellomrom dukka på saker i avisene som har med havet, sjeldne funn, døde fiskar, forsvinningar etc å gjere, som kunne glidd rett inn i boka.

(2004)

Vurdering:

Plottet – 8
Storslått og omfattande historie, som har handling på fleire stader til ei kvar tid, og dekker nesten heile jorda i sitt omfang. Litt for lite truverdig mange stader.

Karakterane – 7
Greie og truverdige karakterar.

Miljøskildring – 7
Heilt grei skildring av livet på forskningsstasjonar, og på båtane rundt om i verda. Morsomt at Nordmøre er såpass sentralt.

Språket – 7
Språket er bra, men litt tungt til tider. Vert litt for mykje fagprat i somme bolkar.

Starten – 7
Det er spennande frå starten av, men det går likevel litt sakte.

Sidesnuing – 8
Til tider veldig spennande.

Tempo – 7
Svingande. Det går fort somme tider, men over 1000 sider kan ein nok ikkje rekne med at det går i 200km/t heile tida.

Forutsigbarheit – 6
Av og til overraskar den veldig positivt, men stort sett er det på det jamne.

Den gode kjensla – 7
Ei overraskande spennande bok, til å vere ein sånn koloss. Det som trekk ned, er at det er litt for urealistisk somme tider, og at det vert for mykje utbrodering av ting som eigentleg ikkje er relevnt for framdrifta i handlinga.

Avslutninga – 6
Det vert litt over toppen mot slutten. Den gyldne regelen i thrillarar og skrekkfilmar er at i det øyeblikket du ser monsteret, er det ikkje skummelt lenger. Ingen klarer å lage eit truverdig monster på film. Og slik er det litt her også. Det mister litt av realismen i eit ellers stadig meir virkelegheitsnært scenario.

TOTAL: 7,0

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: