RSS

Robert Wilson – ET LITE DRAP I LISBOA

03 Mai

Ei bok som kom før Falconserien. Denne handlar om den portugisiske etterforskaren Ze Coelho. Ei ung jente vert funnen drept og dumpa i Lisboa, og Ze Coelho får med seg ein upopulær kollega til å finne syndaren.

Det er to historier samstundes i boka, og medan me er i Lisboa på 90-talet, følger me også ein tysk offiser under andre verdskrigen. Han vert send til Portugal for å kjøpe Wolfram, og det er vel inga hemmelegheit at dei to historiene vert tvinna inn i kvarandre.

Boka startar tyngre enn ein er vand til frå Falconbøkene (for dei som leste dei fysst) og det er fysst og fremst historia frå krigen som har mest framdrift. I det heile tatt er det veldig lite som skjer med drapsetterforskinga i Lisboa. Men krigshistoria er bra, og ber boka framover, og mot slutten vert det også fart på sakene i drapsetterforskinga. Ikkje akkurat Falcon, men likevel veldig lesbar.

(1999)

Vurdering:

Plottet – 9
Spennande, og fleire historier som flettar seg saman.

Karakterane – 8
Karakterane er gode og truverdige. Spesielt dei frå krigen kjem ein tett innpå.

Miljøskildring – 8
Veldig fin skildring, igjen spesielt frå den delen som er frå krigstida.

Språket – 8
Språket er bra, og her er me heldigvis sparte for tapas-glosene.

Starten – 7
Det går litt for trått i starten.

Sidesnuing – 7
Litt varierande. Det er som nemnt den delen som er frå krigen som er mest spennande.

Tempo – 8
Litt varierande.

Forutsigbarheit – 9
Det er mykje spennande vriar, og som i Falcon-bøkene, så ser me at Robert Wilson er ein mann som gjer grundig forarbeid til plotta sine.

Den gode kjensla – 7
Den er heilt grei. Litt for varierande til toppkarakter.

Avslutninga – 8
Spennande slutt på boka.

TOTAL: 7,9

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: