RSS

Boris Akunin – TYRKISK GAMBIT

20 Mai

«Fandorins andre sak»

Burde sjølvsagt starta på nr 1, men det viser seg at eg berre hadde 2-5 i bokhylla, så då vart det denne.

Akunin er et pseudonym brukt av georgiaren Grigori Tchkhartishvili, og bøkene handlar om russaren Erast Fandorin. I denne boka er me i Romania og Serbia, der russarane prøver å ta Tyrkia. Me møter Fandorin, som er ein ung veteran i hæren, og har ei noko avslappa rolle. I tillegg møter me Varvara Suvorova, ei ung kvinne som er på veg til fronten for å finne forloveden sin. Eit ganske lite karaktergalleri, med diverse offiserar og korrespondentar, men handlinga er det ikkje kjempedriv i.

Det er lenge usikkert kva som er saka i boka, men etter kvart viser det seg at det er ein spion i rekkene, og Fandorin skal finne han. Ganske enkelt, ikkje veldig intrikat, men i følge andre omtalar relativt tru mot det historiske perspektivet.

Skal gi bok nr 1 ein sjanse, og håper den er bedre enn denne.

(1998)

Vurdering:

Plottet – 5
Litt for enkelt og for lite spennande dessverre.

Karakterane – 7
Karakterane er få men fine.

Miljøskildring – 6
Heilt grei skildring frå fronten, kunne vore kvar som helst, eigentleg.

Språket – 7
Heilt greit.

Starten – 5
Litt lite driv og det tek veldig lang tid før me i det heile tatt får vite kva som skjer.

Sidesnuing – 6
Av og til er det ok, men stort sett går det trått.

Tempo – 5
Det går altfor sakte.

Forutsigbarheit – 5
Litt for enkelt og lite forseggjort.

Den gode kjensla – 6
Sjølv om det er noko stemning i boka, så er den ikkje all verda altså. Synd eg kjøpte 3 bøker i serien før eg leste den første.

Avslutninga – 6
På nivå med resten

TOTAL: 5,8

Advertisements
 
2 kommentarar

Posta av den 20/05/2008 in akunin, fandorin, krig, russland, soldat

 

2 responses to “Boris Akunin – TYRKISK GAMBIT

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: