RSS

Jo Nesbø – HODEJEGERNE

24 Jun

Nok ei bok som vart lest ut på to dagar på stranda i Italia.

Roger Brown er en hovudjeger, som skal finne passande folk til dei beste jobbane. Så dukkar det opp ein som er for god til å vere sann, før ting byrjar gå gale.

Nesbø prøver seg på ein ny karakter etter Harry Hole, og denne er veldig annaleis. Spennande start, men glir noko ut på slutten etter min smak. Twisten er litt for knapp til å vere truverdig. Ikkje på langt nær same kvalitet som Hole bøkene, men likevel eit pluss at Nesbø har lagt seg såpass langt unna sjangermessig.

Mykje bra, men heile settingen og stemninga med rike, vellukka finansfolk, er vanskeleg å setje seg inn i.

Likevel, heilt grei.

Her slår det meg likevel kor mykje bedre Kjetil Try skriv Jo Nesbø, enn Jo Nesbø sjølv…

(2008)

Vurdering:

Plottet – 8
Historia er spennande og god.

Karakterane – 7
Heilt greie karakterar.

Miljøskildring – 8
Eit usjarmerande miljø, men godt skildra.

Språket – 9
Som Nesbø alltid er: lettlest og fantastisk språk.

Starten – 8
Veldig god start.

Sidesnuing – 7
Startar veldig bra, men så fell nivået litt etter kvart.

Tempo – 7
Tempoet er bra, som Nesbø alltid er. Men det vert litt svakare mot slutten.

Forutsigbarheit – 6
Mange tvistar, men det funkar ikkje heilt utover i boka.

Den gode kjensla – 6
Dessverre veldig skuffa med tanke på at dette er Nesbø.

Avslutninga – 6
Avslutninga er svak, og held ikkje det starten på boka lovar, dessverre.

TOTAL: 7,2

 
Éin kommentar

Posta av den 24/06/2008 tommar kunst, nesbø, norge, oslo, svindel

 

One response to “Jo Nesbø – HODEJEGERNE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: