RSS

Tom Egeland – PAKTENS VOKTERE

25 Jul

Nok ein bok om albinoarkeologen Bjørn Beltø, (hovudperson i Sirkelens Ende) som denne gong byrjar nøste opp i eit mysterie på Island. Det er ikkje den hellige gral han jaktar på denne gongen, men likevel ikkje langt unna.

Sjølv om historia er mykje lik Sirkelens Ende i oppbygning, så er den likevel vanvittig spennande frå start til mål.

Beltø og den islandske presten sira Magnus finn nokre papyrusrullar i ei grotte på Island. Derfrå tek ferda dei rundt om i Norge, og deretter verda. Sjølvsagt med ein haug valdelege skurkar i helane.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 9
Veldig spennande og god historie. Masse djubde og stadig nye lag i fortellinga.

Karakterane – 8
Bjørn Beltø er hovudperson igjen, og karaktane er jamnt over veldig gode.

Miljøskildring – 8
Gode skildringar frå både Island og Noreg.

Språket – 9
Lettlest og veldig bra.

Starten – 9
Det er full gass frå starten av.

Sidesnuing – 9
Egeland skriv veldig spennande i denne serien.

Tempo – 9
Tempoet er bra, og det er lite, om noko, dødtid.

Forutsigbarheit – 8
Meget bra, sjølv om ein kanskje snart byrjar å kjenne denne sjangeren litt for godt no.

Den gode kjensla – 9
Trur denne boka her er endå bedre enn Sirkelens Ende, som også var ei fantatisk spennande bok.

Avslutninga – 8
Står i stil med resten av boka.

TOTAL: 8,6

 

One response to “Tom Egeland – PAKTENS VOKTERE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: