Dette er den trettande boka i serien, og er altså boka etter The Falls.
Ein kjend kunsthandlar i Edinburgh vert drepen, men på grunn av sine problem med autoritetar, vert Rebus kasta av saka. I tillegg må han gå gjennom polititrening på nytt, som straff.
I tillegg må Rebus vere eit bindeledd mellom storskurken Big Ger Cafferty, og unge DS Clarke.
PS: Har seinare lest denne boka på norsk, der den heiter Botsgang. Den kan anbefalast. Ei veldig god oversetjing.
(2002)
Vurdering:
Plottet – 7
Ikkje den lystigaste historia, men bra fortalt som vanleg av Rankin.
Karakterane – 8
Ingenting å utsetje på persongalleriet til Rankin.
Miljøskildring – 8
Som tidlegare, bildet av Edinburgh er som om du skulle gått i gatene sjølv.
Språket – 9
Absolutt ein av verdas beste krimforfattarar. Lettlest og god flyt.
Starten – 7
Starten er spennande nok, men litt på sida av hovudsaka her.
Sidesnuing – 7
Noko varierande. Kan av og til verte litt langdrygt.
Tempo – 7
Som over. Men når tempoet er bra, er det få som kan måle seg med Rebusbøkene.
Forutsigbarheit – 7
Ikkje like mange overraskande vendingar som det brukar å vere, men likevel bra.
Den gode kjensla – 7
Har nok lest bedre Rebusbøker, så denne er nok ei av dei som er litt meir midt på treet, sånn sett. Men Rankin sitt midt på treet er langt oppe på andre sine tre.
Avslutninga – 7
Skil seg ikkje så mykje frå resten av boka.
TOTAL: 7,7
One response to “Ian Rankin – RESURRECTION MEN”