RSS

Robert Wilson – I SELSKAP MED FREMMEDE

16 Sep

Igjen er Robert Wilson i Portugal.

Handlinga tvinnar notid og fortid inn i kvarandre på ein unik måte, og me møter den engelske jenta Andrea, som under krigen vert send på oppdrag i Portugal, som spion for engelsk etterretning. Der møter ho tyskeren Karl Voss, som er militærattache.

Andrea Aspinall jobbar undercover, tilsynelatande for Shell i Lisboa, men rapporterer tilbake til England om både tyskerar og amerikanarar i den portugisiske hovudstaden.

Han har ei høg stjerne i Tyskland, men har ein eigen agenda.

Boka er tredelt, og me jobbar oss framover i tid, frå andre verdskrig.

(2001)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei spennande historie, men det tek litt tid før me er i gong.

Karakterane – 8
Gode karakterar, som me vert kjende med over fleire tiår.

Miljøskildring – 8
Wilson skildrar som vanleg miljøet på ein fortreffelig måte.

Språket – 7
Det er bra, og det er ok driv. Av og til har det ein tendens til å flyte litt ut.

Starten – 7
Starten er litt tråare enn resten av boka.

Sidesnuing – 7
Når me er i gong, er det til tider veldig spennande.

Tempo – 7
Varierande. Eigentleg går det litt sakte, litt for ofte.

Forutsigbarheit – 7
Det er spennande når me kjem utover i boka.

Den gode kjensla – 7
Ei litt anna bok enn Falconbøkene, men likevel spennande til tider.

Avslutninga – 8
Ei fin avslutning.

TOTAL: 7,4

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: