Den fyrste boka André Bjerke skreiv som Bernhard Borge, og forgjengaren til blant anna De dødes tjern.
Ei gruppe unge mennesker er samla på eit sommarhus ved havet ein stad, blant dei Bernhard Borge. Huset litt sjølvsagt litt avsidesliggande til, og ein må gjennom eit skogområde for å kome dit. Veldig skummelt.
Det startar med god stemning, men så vert stemninga dårlegare blant gjestane i huset, og det endar med at ein av dei vert drept. Og alle er potensielle skuldige.
Inn kjem psykoanalytikaren Kai Bugge, også kjend frå De dødes tjern, og løyser saka.
(1941)
Vurdering:
Plottet – 7
Ei noko enklare historie enn til dømes De dødes tjern, i kjend Bjerke-stil, men veldig stemningsfull og skummel.
Karakterane – 8
Karakterane er veldig like dei i De dødes tjern, og dei utfyller kvarandre godt. Alle har særpreg, og det virkar som om Bjerke tek med «ein av kvar» av diverse pasienttypar.
Miljøskildring – 9
Veldig skummelt og stemningsfullt.
Språket – 8
Som venta litt gammaldags, men det er med på underbygge den skumle stemninga i boka.
Starten – 7
Det tek seg opp.
Sidesnuing – 8
Mot slutten er det veldig spennande, og dei einaste gongane du er frista til å legge frå deg boka, er når det vert for skummelt.
Tempo – 7
Det er ikkje kjempedriv i desse bøkene til Bjerke, men tempoet passar til stemninga.
Forutsigbarheit – 7
Det var litt andre tider i 1941, men likevel er det spennande å gjette på kven som er den skuldige. Og om enn på ein annan måte, så er det også mange vriar og tvistar her.
Den gode kjensla – 9
Her får du garantert påskestemninga. Kan anbefale boka til seine haustkveldar.
Avslutninga – 8
Avsløringa er spennande.
TOTAL: 7,8
One response to “André Bjerke – NATTMENNESKET”