RSS

Kate Summerscale – THE SUSPICIONS OF MR WHICHER

15 Okt

Denne boka tek utgangspunkt i ei sann historie.

I 1860 vert ein tre år gammal gut, Saville Kent, funnen drept, med strupa skoren over, i hagen på godset til familien.

Dette er heilt i starten av historia til politietterforskarane, eller detektivane. Det fanst den gongen berre åtte stykker i heile England, og dei jobba i London. Dette var ein av dei fyrste, om ikkje den fyrste, gongen ein av dei vart kalla ut av hovudstaden på eit oppdrag.

Jonathan Whicher var inspektøren som fekk oppdraget, men det enda i skandale for mannen som vart rekna som den beste etterforskaren i England. Han kunne ikkje finne ut av saka, og det måtte han leve med resten av livet, same kor mange saker han løyste i etterkant.

Summerscale har lagt til ein del eigne ting, og løyser saka på sin måte, uavhengig av historia.

Det seiast at denne hendinga dannar grunnlaget for alle detektivhistoriene me les om den dag i dag.

(2008)

Vurdering:

Plottet – 7
Det er jo ei sann historie, og i og med at den aldri vart løyst, og at det er så mange myter og rykter rundt den, så er det jo spennande.

Karakterane – 7
Karakterane er jo også forholdsvis ekte, om enn tolka på forfattaren sin måte. Ein jobb ho gjer på ein heilt grei måte.

Miljøskildring – 8
Summerscale skildrar Kent-huset på ein veldig bra måte.

Språket – 6
Det går litt sakte, og det er mykje ord i forhold til handlinga.

Starten – 7
Heilt grei.

Sidesnuing – 7
Ikkje det heilt store kanskje, men den har sine øyeblikk.

Tempo – 7
Det går dessverre litt for sakte over heile fjøla.

Forutsigbarheit – 7
Nokre spennande vriar mot slutten, der forfattaren tek sine eigne slutningar.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt ok bok. Slett ikkje dårleg, men heller ikkje sånn at du vert sugd inn i handlinga.

Avslutninga – 7
Heilt grei, den også.

TOTAL: 7,0

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.