RSS

Jo Nesbø – SNØMANNEN

31 Okt

Bok nummer 7 om den godaste Harry Hole.

Ei kvinne forsvinn i Oslo, og i hagen hennar står ein snømann, med ansiktet vendt inn mot huset.

Fleire kvinner forsvinn, og Hole må tilbake i tid for å løyse sakene. I tillegg er Rakel veldig sentral i denne boka.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 9
Som vanleg ei veldig spennande historie frå Nesbø. Berre ved å lese bak på boka, så tenker du at dette er ei av dei mest spennande bøkene du kjem til å lese.

Karakterane – 9
Harry Hole og gjengen er som gamle kjende.

Miljøskildring – 8
Igjen er me i Oslo og områda rundt. Ein svipptur til Bergen vert det også.

Språket – 10
Språket er som vanleg, av høgste klasse.

Starten – 9
Det startar bra, og du er seld frå fyrste sidene.

Sidesnuing – 9
På sitt beste er dette heilt i verdsklasse. Men somme stader er det litt rolegare enn me er vande til frå denne kanten.

Tempo – 9
Stort sett veldig bra.

Forutsigbarheit – 8
Det er mange tvistar og vendingar som er gode, men det er kanskje litt lettare å gjette kven som har gjort kva i denne boka, enn det har vore i dei forrige. Den nemnde turen til Bergen virkar litt rar, og vert liggande litt utanpå resten av boka.

Den gode kjensla – 8
Nesbø er, og kjem nok til å vere, den absolutt beste norske krimforfattaren gjennom tidene. Men Harry Hole-serien har vorte bedre og meir intens frå bok til bok, heilt fram til no. Dette kjennes litt som eit lite tilbakesteg, dersom ein skal vere pirkete. Men så har ein kanskje litt høge forventingar til disse bøkene, på grunn av det som har kome tidlegare. I rettferdigheita sitt namn, så må det seiast at bøkene til Nesbø har eit litt urettferdig utgangspunkt, fordi dei vert samanlikna med dei tidlegare bøkene til Nesbø. Og dei er det vanskeleg å slå. Utan forventingar og samanlikning, ville kanskje denne boka fått nokre hakk høgare karakter.

Avslutninga – 9
Avslutninga er god og actionfylt.

TOTAL: 8,8

 
Éin kommentar

Posta av den 31/10/2008 in harry hole, nesbø, norge, oslo, politi, snø

 

One response to “Jo Nesbø – SNØMANNEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: