Julenissen vert drepen i ei bakgate i Chinatown i Aberystwyth, i denne fjerde boka om Louie Knight.
Så vert det detektiven sin jobb å finne ut kven som har gjort det. Og kandidatane står i kø. Ein av dei, «den gamle jøden», påstår at nissen var bror hans. Ellers er både kirka, ein slags alternativ frelsesarme og ei som påstår ho er dronninga av Danmark, gode kandidatar.
I tillegg dukkar ein av dei gamle beilarane til Myfanwy opp, og det leitast etter ei pelskåpe som forsvann i Patagonia, og som nazistane har vore på jakt etter sidan.
(2007)
Vurdering:
Plottet – 7
Som vanleg, eit komplisert plott, som du aldri heilt får oversikt over.
Karakterane – 8
Karakterane vert stadig bedre, med unntak av hovudpersonen, som virkar å ha mista litt av den kule «edgen» som var karakteristisk i dei fyrste tre bøkene.
Miljøskildring – 8
Aberystwyth i Pryce sine auge, er ein fantastisk, men likevel dyster stad. Og han formidlar elendigheita på ein glimrande måte.
Språket – 7
Det kan verte litt tungt somme stader. Mykje rare ting som dukkar opp og som er vanskeleg å ha kontroll over. Og så kjennes det litt mindre spennnande og mystisk denne gongen. Litt for lett, innhaldsmessig.
Starten – 8
Det startar bra.
Sidesnuing – 7
Det går litt opp og ned, men stort sett er det spennande.
Tempo – 7
Heilt greit.
Forutsigbarheit – 7
Pryce byr på mange spennande vriar, men sidan han jobbar heilt utan rot i virkelegheita, skal disse tvistane vere gode for at me kjøper dei. Og her er det litt av kvart.
Den gode kjensla – 7
Ein liten opptur sidan sist. Synes historia er spennande, men Louie virkar litt enklare no enn tidlegare. Klisjeane er ikkje like skarpe som før, og då vert det plutselig berre klisjear igjen.
Avslutninga – 7
Står i stilen med resten.
TOTAL: 7,3
One response to “Malcolm Pryce – DON´T CRY FOR ME ABERYSTWYTH”