Anne Holt skriv påskekrim på sitt aller beste frå fjellet på Finse.
Politibetjent Hanne Wilhelmsen er på veg til Bergen, då ein snøstorm gjer at toget sporar av på Finse, og lokføraren døyr. Dei nesten 300 passasjerane må innkvarterast på hotellet 1222.
Der vert ein mann myrda, ein kjendisprest, og Wilhelmsen må finne ut kven av dei andre passasjerane som har teke livet av han.
I tillegg går det rykter om at det var ei ekstra vogn på togsettet, muligens kongevogna, og i den øverste leiligheita på hotellet bor det nokon som har væpna vakter til å passe på seg.
Her får du verkeleg påskekjensla, i eit typisk lukka-rom-mysterie a la Poirot.
(2007)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei klassisk og spennande påskeinnpakning. Litt lett historie, kanskje.
Karakterane – 8
Heilt fine.
Miljøskildring – 9
Veldig stemningsfult frå den nedsnødde høgfjellshotellet.
Språket – 8
Det er bra flyt, og lettlest.
Starten – 7
Det startar heilt fint.
Sidesnuing – 8
Utover i boka er det veldig spennande.
Tempo – 8
Tempoet og drivet er bra, men kunne kanskje vore endå meir rett på.
Forutsigbarheit – 7
Det er ikkje så lett å gjette seg fram til kven som er den skuldige, men om det skuldast smarte tvistar, eller mangel på gode hint, er vanskeleg å seie.
Den gode kjensla – 8
Her kjem du garantert i god påskestemning.
Avslutninga – 8
Spennande og truverdig slutt.
TOTAL: 7,9