RSS

Knut Nærum – DØDE MENN GÅR PÅ SKI

22 Des

Eigentleg er dette ein parodi på bøkene til André Bjerke (Bernhard Borge), og andre bøker frå en tida, der psykoanalysen stod i sentrum. Men likevel gjer Nærum den til ei spennande bok som er heilt på høgde med det han parodierer.

Ein eksentrisk milliardær inviterer fleire venner med seg på hytta i påska, blant dei psykoanalytikaren Konrad Stang. Milliardæren seier at den som vil vere med på ei mordgåte, og klarer å finne mordaren uten å verte drept, skal få ein feit pengesum.

Men så byrjar gjestane å verte drepne, ein etter ein, og det mumlast om eit gammalt sagn om den tidlegare eigaren, som var ein drapsmann ved namn Ulvar Mørkli.

Dette er De dødes tjern på fjellet, men likevel spennande og morsomt samtidig.

(2002)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei klassisk påskekrimhistorie. Kanskje ikkje veldig nyskapande, men veldig spennande.

Karakterane – 7
Minner veldig om karakterane frå De dødes tjern.

Miljøskildring – 8
Nærum skildrar hyttestemninga på ein utmerka måte.

Språket – 9
Nærum skriv på ein gammaldags måte, men utan at det vert treigt og mindre spennande.

Starten – 8
Her er det spenning frå starten av.

Sidesnuing – 8
På sitt beste er dette ein spenningskrim på høgde også med dei som ikkje er satiriske.

Tempo – 7
Tempoet er varierande.

Forutsigbarheit – 8
Det er spennande, og Nærum brukar gamle krimgrep for det dei er verde.

Den gode kjensla – 9
Dette er ei bok du vert i godt humør av. Den er morsom, stemningsfull og framfor alt spennane, og kanskje til og med litt skummel. Leste den for andre gong no, seks år etter at den kom ut, og den er like bra som ho var då.

Avslutninga – 8
Set ikkje resten av boka i eit dårleg lys.

TOTAL: 7,9

 

2 responses to “Knut Nærum – DØDE MENN GÅR PÅ SKI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: