Ei lita bygd i Sverige vert utsett for ein massakre, og så godt som alle innbyggarane vert drepne. I ein annan del av landet sit ein dommar og finn namnet på mora sine adoptivforeldre blant ofra. Ho byrjar nøste opp i saka sjølv, om tek fort ei anna retning enn det politiet gjer.
Parallellt med denne historia, får me også høyre om historia til kinesiske immigrantar som bygger jernbane i USA på 1800-talet, og me følger kinesiske samfunnstoppar i dagens samfunn i ei tredje historie.
Mankell sjonglerar fleire historier og fleire karakterar heile vegen, på ein meisterleg måte.
(2008)
Vurdering:
Plottet – 8
Spennande heilt frå starten av. Innfløkt, med lag på lag med bakgrunnshistorier.
Karakterane – 7
Fine og greie karakterar.
Miljøskildring – 8
Veldig stemningsfult, både i Sverige, Kina og USA.
Språket – 8
Fin flyt og lettlest.
Starten – 8
Det går for fullt frå starten av.
Sidesnuing – 8
Meget bra. Tre historier som går parallellt, så spenninga er oppe til ei kvar tid. Når det dabbar av i den eine, tek ei av dei andre over.
Tempo – 8
God driv, men med nokre kvileskjer.
Forutsigbarheit – 8
Det er veldig spennande og vanskeleg å seie kva som vil skje. Du veit dei tre historiene sannsynlegvis er knytte saman, men ikkje korleis.
Den gode kjensla – 9
Spennande, stemningsfull og omfattande, utan å vere treig.
Avslutninga – 8
Held nivået.
TOTAL: 8,0
Hfan
07/10/2011 at 09:06
Dette er en av de beste mankellbøkene jeg har lest på lenge. Anbefales