Me er ein gong midt på 1800-talet i Canada. Ein einstøing som brukar å handle med pelsjegrar vert funnen drepen og skalpert i hytta si.
Samstundes forsvinn ein 17 år gammal gut frå bygda, og alle reknar med det er på grunn av at han er gjerningsmannen.
Mora hans er ikkje i tvil om at sonen er uskuldig, og prøver å finne han før politiet finn han.
(2008)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei spennande historie frå eit godt skildra miljø. Mange parallellhistorier.
Karakterane – 7
Gode og mange karakterar.
Miljøskildring – 9
Veldig bra og stemningsfullt.
Språket – 7
Litt opp og ned. Litt seigt for min del.
Starten – 7
Det går litt sakte, men det er spennande i byrjinga.
Sidesnuing – 7
På sitt beste er den bra, men av og til går det litt trått.
Tempo – 7
Det går litt sakte.
Forutsigbarheit – 8
Det er ikkje så mange tvistar og vendingar på det klassiske krimsettet, men likevel er det spennande og overraskande. Mange historier vert vikla inn i ei.
Den gode kjensla – 9
Stemninga og miljøet er den store styrken til denne boka.
Avslutninga – 8
Held høgt nivå, og er spennande.
TOTAL: 7,7