RSS

Robert Wilson – BLODETS BÅND

02 Jul

To bilar kolliderar på motorvegen utanfor Sevilla. I den eine bilen finn politiet ein russar som er sentral i mafiaen på Costa del Sol. Og i bagasjerommet har han 8 millionar euro, i tillegg til ein del diskettar. Russaren har vore på veg over til ei konkurrerande mafiagruppering.

Falcon etterforskar saka som drap, samstundes som fleire faktorar frå dei tidlegare bøkene framleis er sentrale. Så vert den 8-årige sonen til Consuela Jimenez, av og på-kjæresten til Falcon, kidnappa.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 8
God og etter kvart omfattande historie.

Karakterane – 9
Som tidlegare, så har Wilson truverdige og sterke karakterar.

Miljøskildring – 8
Veldig bra og stemningsfullt på sin eigen måte.

Språket – 8
Wilson skriv bra, og etter 4 bøker merker ein at dei spanske glosene som vert dryssa inn til stadigheit, passerer nesten umerkbart.

Starten – 8
Det startar bra, men tek litt tid før me er inne i kva som eigentleg skjer.

Sidesnuing – 8
Veldig bra utover i boka.

Tempo – 8
Tempoet er bra, men det er litt kvileskjer her og der.

Forutsigbarheit – 9
Wilson har som vanleg fine og truverdige tvistar i historiene sine.

Den gode kjensla – 8
Syns nok denne var litt under Den blinde mannen i Sevilla, men likevel ei spennande og fartsfylt bok.

Avslutninga – 8
Wilson avsluttar med stil.

TOTAL: 8,2

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 02/07/2009 in falcon, mafia, politi, sevilla, spania, wilson

 

One response to “Robert Wilson – BLODETS BÅND

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: