RSS

Torkil Damhaug – SE MEG MEDUSA

15 Aug

Legen og familiemannen Axel Glenne involverer seg med den unge praktikanten han har ansett.

Samtidig vert fleire kvinner som har tilknytning til Glenne drepne i Oslo, og mor hans forvekslar han til stadigheit med tvillingbroren Brede, som ingen av dei har sett eller høyrt frå på mange år.

Under heile historia får me høyre ein person som les inn meldingar i ein diktafon (mordaren) utan at me veit kven dette er.

Boka er ein slags thriller der nokon prøver å få Glenne i ei felle, men det tek litt lang tid før spenninga tek seg opp.

Ei noko meir ujamn bok enn Døden ved vann.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 7
Historia er OK, men litt treig med å kome i gong.

Karakterane – 7
Greit og truverdig persongalleri

Miljøskildring – 8
Damhaug er flink til å skildre miljøet.

Språket – 7
Det er enkelt og lettlest. Litt for lite framdrift.

Starten – 6
Det tek veldig lang tid i starten. Høgdepunkta kjem ikkje før langt ute i boka.

Sidesnuing – 7
Mot slutten vert det bra, men då har det teke for lang tid.

Tempo – 7
Det går for sakte, men unntak av nokre perioder.

Forutsigbarheit – 8
Det er for så vidt spennande vriar og ein vert nysgjerrig på ein del ting underveis.

Den gode kjensla – 6
Dessverre tek boka for lang tid å starte. Mot slutten er det spennande, men då har du allereie mista litt gnisten.

Avslutninga – 8
Det endar spennande, men det er nok litt for seint.

TOTAL: 7,1

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/08/2009 in damhaug, lege, norge, oslo

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: