RSS

Jo Nesbø – PANSERHJERTE

29 Sep

Etter oppgjeret med Snømannen, har Harry Hole rømt til Hong Kong, der han driv med ein slags sjølvmedisinering.

Heime i Oslo vert to personar drepne på ein måte som berre kan forklarast som tortur av verste slag. Begge har drukna i sitt eige blod, og har stikksår på innsida av munnen. Politiet gjer alt dei kan for å få Hole tilbake til Oslo for å jobbe med saka.

Hole er enda lenger nede no enn han har vore tidlegare, og slit med både den eine og den andre demonen. Dop, alkohol, lengselen etter Rakel, og ein far som ligg for døden.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 9
Som alltid, eit spennande plott, og eit veldig spennande utgangspunkt.

Karakterane – 9
Som alltid i verdsklasse.

Miljøskildring – 8
Hong Kong, Oslo og Kongo vert skildra på vanleg Nesbø-vis.

Språket – 9
Av og til flyt det litt ut frå historia, men stort sett ekstremt bra.

Starten – 9
Ein spennande og fengande start.

Sidesnuing – 9
Bortsett frå nokre få strekk, er boka veldig vanskeleg å legge frå seg.

Tempo – 9
Bra flyt, og stort sett stort tempo heile vegen, men med nokre transportetapper.

Forutsigbarheit – 8
Dette er Nesbø sin store styrke, men synes likevel dette ikkje er den beste Hole-boka når det kjem til vendingar og tvistar.

Den gode kjensla – 8
Denne boka skil seg litt frå dei tidlegare, og universet er litt annaleis, på ein måte det er vanskeleg å setje fingeren på. Men Hole er bra, og historia er spennande og fossar stort sett framover. Denne boka legg seg nok litt under dei beste Hole-bøkene, men den er ikkje dårleg av den grunn. Andre forfattarar som tek etter stilen til Nesbø er nok på eit mykje høgre nivå no enn dei var då dei fyrste bøkene kom ut, og samstundes er nok mykje å be om at Nesbø skal overraske like positivt frå bok til bok framleis.

Avslutninga – 9
Som vanleg, ei flott avslutning.

TOTAL: 8,7

 
2 kommentarar

Posta av den 29/09/2009 tommar afrika, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

2 responses to “Jo Nesbø – PANSERHJERTE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: