Robert Langdon vert invitert til Washington DC for å halde ein tale. Men hans gode ven, Peter Solomon, som har invitert han, er plutseleg vekke, og det einaste som er tilbake, er den avkappa handa hans.
Rundt om i hemmelege rom og selskap, foregår ei intens jakt på Solomon, og den mystiske Mal´akh, som har kidnappa han.
Det handlar om frimurarar og noetikk, ei grein innen forskning som handlar om korleis mennesket sitt sinn kan påvirke den fysiske verda. (fritt frå wikipedia)
(2009)
Vurdering:
Plottet – 9
Spennande og velfortalt.
Karakterane – 9
Som vanleg har Brown gode og truverdige karakterar.
Miljøskildring – 8
Brown skildrar dei hemmelege romma rundt om i den amerikanske hovudstaden på ein måte som gjer at du ikkje er i tvil om at det faktisk er slik det eigentleg er under gatenivå i Washington DC.
Språket – 10
Veldig enkelt og lettlest. Denne boka fossar du gjennom på kort tid.
Starten – 9
Som vanleg, fullt tempo frå starten av.
Sidesnuing – 9
Spenning heile vegen.
Tempo – 9
Ingen ting å seie på farta. Av og til går det nesten for fort.
Forutsigbarheit – 7
Så var det det då. Det svake punktet. For sjølv om det er spennande heile vegen, så vert du nesten ikkje overraska lenger. Det er litt som i den siste Egeland-boka. Oppskrifta er så godt kjend no, at ingenting greier å imponere. Du veit at det skal kome 3-4 tvistar etter at du trur Langdon har løyst saka. Verda går nesten under, helten døyr neste. Men alt er berre nesten, som alltid.
Den gode kjensla – 8
Ei kanonbok, men med referanse til punktet over, så er det somme ting som legg ein liten dempar på den gode kjensla.
Avslutninga – 9
Avslutninga skuffar ingen.
TOTAL: 8,7
One response to “Dan Brown – DET TAPTE SYMBOL”