RSS

Johan Theorin – SKUMRINGSTIMEN

23 Des

I 1972 forsvinn ein seks år gammal på Øland, då han utan lov går ut på alvaret (eit slags myrområde eller sletteland).

30 år etterpå får guten sin bestefar, Gerlof, ein liten sandal i posten til kvileheimen der han bur. Gerlof er sikker på at det er guten sin sandal.

Samtidig får me servert historia om Nils Kant, som budde i området mange år tidlegare.

Ei veldig skummel bok, men heilt i grenseland til å verte kalla krim. Den gamle pensjonisten er den som nøstar opp i sakene.

Dette er bok nummer ein i same serien som Nattefokk var nummer to i, og kanskje ikkje ei like god og skummel bok som Nattefokk.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 8
Spennande historie, og til tider veldig skummel. Meir ei spenningsbok enn ein krim.

Karakterane – 8
Gode karakterar, og eit ganske så breidt galleri.

Miljøskildring – 9
Theorin skildrar Øland på ein utmerka måte.

Språket – 7
Det er enkelt og lettlest, men litt mange utsvevingar som ikkje er så spennande

Starten – 7
Starten er ikkje den beste delen her.

Sidesnuing – 8
Det er spennande utover i boka.

Tempo – 6
Det er ikkje mykje fart, men det ligg nok også i stilen til boka. Dette er nok den store svakheita. Det var bedre i Nattefokk.

Forutsigbarheit – 8
Det er spennande, og ikkje minst vanskeleg å gjette kva som skjer, sjølv om ein eigentleg tenker at ein veit kven som har gjort kva heile vegen.

Den gode kjensla – 9
Dette er absolutt ei spennande, skummel og stemningsfull bok. Om den hadde vore litt meir rett på sak, hadde den nok vore oppe blant dei aller beste.

Avslutninga – 8
Det sluttar bra.

TOTAL: 7,8

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: