RSS

Ann Cleeves – RØDE KNOKLER

28 Feb

Ein arkeolog finn levningane etter eit menneske under ei utgraving på Shetland.

Ikkje lenge etter vert ei gammal dame skota og drept i same bygda. Politietterforskaren Jimmy Perez får saka, men oppdagar snart at folk i heimdistriktet hans er meir hemmeligheitsfulle enn han kunne håpe på.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Kanskje ikkje verdas mest spennande plot, men det har noko ved seg.

Karakterane – 7
Varme og stemningsfulle, men dei skil seg lite frå kvarandre. (Dette er vel og merke bok nummer tre i ei serie, så det er muleg karakterane vert oppfatta litt annaleis om ein les bøkene i rett rekkefølge)

Miljøskildring – 7
Shetland virkar som ei eventyrøygruppe for oss nordmenn, men eg føler ikkje at Cleeves får det heilt fram her.

Språket – 7
Greit.

Starten – 8
Ingenting å seie på spenninga i starten. Ein vert reven med frå ganske tidleg.

Sidesnuing – 7
Litt opp og ned, men overraskande bra. Eit litt lite spennande plot, som vert bedre utover i boka.

Tempo – 8
Som over, overraskande bra.

Forutsigbarheit – 6
Kanskje ikkje den heilt store styrken til boka.

Den gode kjensla – 8
På mange måter ei fin bok, men det kjennes som om det er noko uforløyst her. Utan å kunne setje fingeren heilt på det, så sit ein igjen med ei kjensle av at det ikkje skulle mykje til for at denne boka hadde vore veldig mykje meir spennande.

Avslutninga – 6
Her manglar det litt, og dreg litt ned snittet på boka.

TOTAL: 7,1

Advertisements
 
 

One response to “Ann Cleeves – RØDE KNOKLER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: