Ein mann vert funnet drepen, med ei sjeldan armbrøstpil i brystet, i sjølvaste Tower of London. Han vert funnen midt på dagen, i eit rush av turistar, og det virkar som ei umuligheit at ingen har fått med seg det som har skjedd. Drapsofferet vert funnen i golfklede, men på hovudet har han ein flosshatt, som ikkje passar til resten av kostymet. Ein flosshatt som nokre kveldar i forvegen vart stolen.
Scotland Yard kontaktar Dr Gideon Fell for hjelp.
Dickson Carr leverer ein klassisk britisk krim, som verkeleg får fram den klassiske krimkjensla.
(1933)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein mann vert skoten med ei pil, og mysteria rundt hendinga er mange. Kven har gjort det, kvifor, og ikkje minst; kvifor var det ingen som såg det?
Karakterane – 8
Gode, klassiske krimkarakterar. Den kappekledde Dr Fell, som går med to stokkar, er klassisk.
Miljøskildring – 8
Veldig stemningsfullt.
Språket – 6
Er nok litt tungrodd og gammaldags, men så er også boka nesten 80 år gammal.
Starten – 7
Roleg og litt sein start.
Sidesnuing – 6
Litt opp og ned. I starten er det litt for seigt.
Tempo – 7
Tempoet var eit heilt anna i 1933, og på den tida var sikkert dette sett på som ein lynrask og heseblesande thriller. Men det går framover i heilt greit driv.
Forutsigbarheit – 7
Spennande og mange fine vriar. Dessutan er det hint og tips til lesaren heile vegen, så du er med og tippar undervegs.
Den gode kjensla – 8
Veldig stemningsfull og ei god leseoppleving, om ein tek den som den er, som ein krim frå 1933. Historia og krimen er bra, men språket og tempoet er heilt anna enn det me er van til.
Avslutninga – 8
Veldig bra. Gjer ikkje skam på resten av boka.
TOTAL: 7,3