RSS

Frode Granhus – MALSTRØMMEN

04 Jan

Ei livaktig porselensdokke, kledd i kjole, driv i land i den vesle bygda Bergland, nord for Bodø. Det gamle ekteparet som finn den meiner den varslar uhygge, utan at andre i bygda bryr seg mykje om det.

Litt seinare endrar det seg imidlertid, då ei død kvinne, kledd i samme kjole som dokka, flyt i land på same stad.

Den nyinflytta lensmannsbetjenten Niklas Hultin får saka. Det er både stemningsfullt og mørkt i denne fantastiske krimen frå Nord-Norge.

Ut frå det ein les bakpå denne boka, framstår det som ei av dei beste og mest spennande norske bøkene på lenge.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 9
Dokker i kjolar driv i land, før eit lik i same kjole driv i land på same stad. Meir spennande og skummelt enn det vert det vel knapt?

Karakterane – 8
Gode karakterar heile vegen.

Miljøskildring – 9
Stemningsfullt og skummelt frå Nord-Norge.

Språket – 8
Veldig bra og enkelt.

Starten – 9
Med eit plott som dette, må du berre verte hekta frå starten av.

Sidesnuing – 8
Litt opp og ned, men stort sett sit du med eit ønske om å få vite meir.

Tempo – 8
Det går framover heile vegen, i bra tempo.

Forutsigbarheit – 8
Overraskande og fint.

Den gode kjensla – 9
Denne boka får verkeleg fram godkjensla. Stemningsfull, spennande og litt skummel. Ei perfekt haust-/vinterbok. Dette kan fort verte den beste boka eg les i 2011.

Avslutninga – 8
Spenninga held seg godt heile vegen til mål.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 
2 kommentarar

Posta av den 04/01/2011 in granhus, nord-norge, norge, politi

 

2 responses to “Frode Granhus – MALSTRØMMEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: