RSS

Marek Krajewski – GJENFERDENE I BRESLAU

02 Mar

Gjennom Breslau renn elva Odra. Ein haustdag finn nokre studentar fire lik på ei av øyene i elva. Dei er kledde som sjøfolk, og stabla saman i ei merkelig og unaturleg stilling.

Byens kriminalassistent, Eberhardt Mock, kjem til åstaden, og den depressive detektiven, som slit både med alkohol og raudhåra kvinner, skal løyse saka. Samstundes som han bur på loftet av eit nedlagt slakteri, saman med faren sin.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Enkelt, men spennande.

Karakterane – 8
Fine karakterar.

Miljøskildring – 9
Litt mørkt og dystert, som det skal vere i noirsjangeren. I den tida historia er sett til, var Breslau under Tyskland, og ikkje Polen. Miljøet er stemningsfull og fargerikt skildra.

Språket – 7
Kunne godt vere litt lettare.

Starten – 7
Ein litt seig start, men det tek seg opp.

Sidesnuing – 7
Litt varierande, men alt i alt litt treigt.

Tempo – 6
Det går sakte. Mykje utanomsnakk, som tek veldig land tid.

Forutsigbarheit – 8
Det er ganske spennande og utover i boka tek det seg veldig opp.

Den gode kjensla – 8
Ei spennande bok, sjølv om det går litt sakte, og er litt tungt. Men miljøet og stemninga er fengande og glimrande skildra.

Avslutninga – 8
Slutten er meir spennande enn starten, og boka tek seg veldig opp utover.

TOTAL: 7,5

 
Kommenter innlegget

Posta av den 02/03/2011 in krajewski, noir, polen, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: