RSS

A.J. Kazinski – DEN SISTE GODE MANN

14 Mai

Boka er skriven av to danskar, under pseudonymet AJ Kazinski, og tek utangspunkt i at det rundt om i verda til ei kvar tid finst 36 gode personar.

I Venezia har politimannen Tommaso di Barbara byrja nøste opp i trådane, og er på sporet av ein samanheng, etter at «gode» folk har vorte drepne over heile kloda. Han meiner det er ein samanheng i drapa, som i utgangspunktet virkar tilfeldige. For i tillegg til at alle dei drepne vert sett på som gode, så har dei også eit brennemerke, eller ei tatovering mellom skulderblada.

Han sender ut ein beskjed vi Interpol, og åtvarar om at det no sannsynlegvis berre er igjen to av disse 36 gode, og at neste drap kan skje i København.

I København er det politimannen Niels Bentzon og astrofysikar Hannah Lund som skal finne og advare det potensielle offeret, men kven er det som vert rekna som det mest gode mennesket i København?

(2010)

Vurdering:

Plottet – 9
Veldig spennande og unikt plott.

Karakterane – 8
Gode og truverdige karakterar.

Miljøskildring – 8
Bra.

Språket – 8
Lettlest og fint.

Starten – 9
Spennande frå starten av.

Sidesnuing – 8
Veldig bra, med nokre få unntak.

Tempo – 8
Det går fort, og er actionfyllt.

Forutsigbarheit – 8
Overraskande og bra heile vegen, og du sit heile tida og tenker at «dette kan umulig holde seg heilt inn».

Den gode kjensla – 6
Veldig bra, veldig lenge, men…

Avslutninga – 4
Dessverre, som ein kan mistenke undervegs, så er dette ei så fantastisk historie, at det er umulig å sy alle trådane saman på ein truverdig måte på slutten. Og det greier heller ikkje forfattarane. Dessverre.

TOTAL: 7,6

 

One response to “A.J. Kazinski – DEN SISTE GODE MANN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: