RSS

Ann Rosman – FYRVOKTERENS DATTER

14 Aug

Rosman si debutbok kom ut i Norge i sommar, og har allereie vorte samanlikna med Camilla Läckberg, sidan begge skriv frå små svenske fiskemiljø. Med minimal erfaring frå Läckberg, må eg seie at denne er å foretrekke. Faktisk minner den meir om Johan Theorin sine bøker frå Øland.

Handlinga i boka er lagt til områda rundt Marstrand (der forfattaren sjølv bor) og der Göteborgpolitikvinna Karin Adler som er den som skal løyse saka. Under restaurering av eit gammalt fyr, finn to polske handverkarar eit lik innemurt i eit kjellarrom.

Ein pensjonert skipskaptein frå eit anonymt brev i posten, som set han og kona på sporet av eit mysterium kring eit modellskip han har hengande heime.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Historia er ikkje så veldig innvikla, men stemningsfull og fin.

Karakterane – 7
Karakterane er gode. Den aldrande politimannen som hovudpersonen må slite med er kanskje litt i overkant karikert, men ellers er det stemningsfulle og gode kystkarakterar, som ein kan tenke seg bor i ei lita bygd i Sverige.

Miljøskildring – 8
Du får eit fint og romantisk bilde av den svenske kystidyllen.

Språket – 9
Heilt fint språk, men det som gjer dette litt spesielt, er at Rosman skriv på ein veldig direkte og effektiv måte. Her er det ikkje kasta vekk noko tid til ting som ikkje er relevante.

Starten – 7
Starten er heilt grei, men her tek det seg opp.

Sidesnuing – 7
Litt svingande. Til tider meget bra, men så fell nivået litt av og til.

Tempo – 8
Med tanke på dødtekst, så er kanskje dette ei av dei bedre bøkene eg har lest. Her er det ikkje mange overflødige ord. Likevel er ikkje tempoet kjempehøgt.

Forutsigbarheit – 8
Nokre bra overraskingar, sjølv om plottet snevrar seg rundt det relativt avgrensa karaktergalleriet.

Den gode kjensla – 8
Den er slett ikkje verst. Ein får ein romantisk bygdekrim, som kan minne litt om Theorin, litt om Beck, litt om Wallander, og eit snev av skjærgårdsdoktoren…

Avslutninga – 8
Held same nivået som resten av boka.

TOTAL: 7,7

 
Éin kommentar

Posta av den 14/08/2011 in kystliv, politi, rosman, sverige

 

One response to “Ann Rosman – FYRVOKTERENS DATTER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: