RSS

Ian Rankin – A QUESTION OF BLOOD

31 Aug

Fann denne boka når eg såg gjennom samlinga for å oppdatere meg på kva bøker eg har lest dei siste åra. Denne vart kjøpt inn saman med The Falls og Resurrection Men, men etter å ha lest bakpå den, kom eg til at den ikkje vart lest den gongen.

Siobhan har vorte plaga av ein fyr, som vert funnen død etter at leilegheita hans brenn. Rebus har vorte sett på pub med han kvelden før, og han dukkar opp med store brannskader på hendene.

På ein skule i South Queensferry, nord for Edinburgh, går ein tidlegare SAS-soldat amok med våpen, og drep to unge gutar, og skadar ein tredje.

Rebus og Siobhan er involverte i å finne ut av begge sakene, og etter kvart kjem det fleire aktørar på bana.

Denne boka kom ut etter Ressurection Men og før Fleshmarket Close, og er nummer 14 i serien, av totalt 17.

(2003)

Vurdering:

Plottet – 8
Her viser Rankin for eit krimgeni han er. Ei forholdsvis enkel sak, men du verden kor spennande.

Karakterane – 9
Galleriet er etter kvart so innarbeida no, at me er kjende med alle karakterane frå tidlegare bøker.

Miljøskildring – 8
Edinburgh vert skildra på beste vis, men i denne boka er det ikkje så mykje miljøskildringar i det store og heile.

Språket – 10
Absolutt ingenting å utsetje denne gongen. Det er ingen avsporande historier om fortida til Rebus eller den slags, og alt som dukkar opp av informasjon frå tidlegare, er vevd galant inn i historiene.

Starten – 8
Det kokar ikkje akkurat frå starten, sjølv om det er spennande at Rebus kjem på jobb med brannskadde hender, når ein mann som har plaga kollegaen hans har vorte drept i ein brann.

Sidesnuing – 8
Når me er i gong her, er det vanskeleg å legge frå seg boka.

Tempo – 8
Bra tempo, god framdrift heile vegen.

Forutsigbarheit – 9
Truverdige tvistar, som du ikkje kan forutsjå. (I alle fall ikkje før rett før dei vert avslørte)

Den gode kjensla – 9
Ei av dei beste Rebusbøkene eg har lest, og det bør vere eit kvalitetsstempel.

Avslutninga – 10
Fantastisk spennande avslutning. Fleire historier vevar seg saman til eit stort fyrverki av ei avslutning.

TOTAL: 8,7

Reklame
 
2 kommentarar

Posta av den 31/08/2011 tommar edinburgh, massakre, politi, rankin, rebus, skottland, soldat

 

2 responses to “Ian Rankin – A QUESTION OF BLOOD

  1. Mando

    27/12/2014 at 14:38

    Keep the lee child up stew. Best crime writer I’ve read. Try the enemy which is a story of recaher when he was still in the military police. Excellent who dunit. Look at lee child.com and you will see he writes some in first person and some in third. He even discusses it.

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: