RSS

Lars Kepler – PAGANINIKONTRAKTEN

04 Sep

Svak andrebok

Paganinikontrakten er den andre boka til pseudonymforfattaren Lars Kepler.

Ein av toppane innan svensk våpeneksport vert funnen hengd i si eiga leiligheit, rett før ei stor kontrakt skal underskrivast. Samstundes finn politiet ein yacht i skjergarden, og den unge jenta Viola Fernandez vert funnen død. Systera hennar, Penelope, som også var om bord i båten, er forsvunna.

Joona Linna er mannen som skal løyse opp i sakene.

Forteljarstilen er rotete og repetativ i starten, og minner nesten om ein amerikansk tv-serie, der ein minner publikum på kva som skjedde før pausa.

Det er mykje meir ein action-thriller enn ein intelligent krim.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei amerikanske krimseriene som går på TVNorge på kveldstid.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Heilt greit, men ikkje så altfor spennande utgangspunkt.

Karakterane – 8
Klare og fine karakterar.

Miljøskildring – 8
Heilt fin den også.

Språket – 6
Rotete. Irriterande hopping fram og tilbake, uvisst av kva grunn. Eit merkeleg grep som nesten virkar som slurv.

Starten – 7
Det startar greit, men ikkje noko særleg meir. Føles i det store og det heile ikkje veldig originalt.

Sidesnuing – 7
På sitt beste er det spennande, men det går litt for sakte.

Tempo – 7
Som over. Det går fort til tider, men det går fort på ein litt for sein måte.

Forutsigbarheit – 7
Ikkje i nærheita av hynotisøren.

Den gode kjensla – 7
Dessverre ei veldig skuffande bok, etter den fyrste. Den har for så vidt også fått dårlegare kritikkar, utan at det alltid har så mykje å seie. Men denne gongen var det altså rett.

Avslutninga – 6
Skuffande, og litt for enkel.

TOTAL: 7,0

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/09/2011 tommar kepler, politi, sverige, våpen

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: