RSS

Belinda Bauer – BLACKLANDS

09 Sep

Ein debutroman som har fått mykje skryt, men også litt peppar.

Ei mørk og dyster forteljing som nok er heilt i grenseland for kva som kan kallast krim. Onkelen til Steven Lamb, Billy, vart sannsynlegvis bortført, misbrukt og drepen av Arnold Avery, då han var 11-12 år gammal. Pedofile Avery sit i fengsel for fleire barnedrap, men tre av offera vart aldri funne.

Boka skildrar ei familie som har gått i knas etter at onkelen vart drepen. Steven og veslebroren hans bor med mora Lettie, og bestemora. Dei to siste har eit anstrengt forhold, fordi onkelen var favoritten til bestemora, og alt dette går utover ungane, då spesielt Steven som er eldst.

Steven har fått ein ide om at dersom han finn liket til onkelen oppe på myra, der dei andre offera vart funne, så vil bestemora verte glad igjen, og dei vert ei normal familie igjen. Så kvar dag er han oppe der og grev med ei gammal spade. Så sender han brev til Avery i fengselet, og historia tek ein vri.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 6
Ganskel enkelt og ikkje så veldig spennande. Litt rart.

Karakterane – 9
Veldig gode og sterke karakterar.

Miljøskildring – 8
Veldig stemningsfullt skildra.

Språket – 6
Veldig lettlest, men ein del utsvevande tekst, og veldig mykje rot og skrivefeil i oversetjinga. Eit stor minus.

Starten – 7
Du ventar og ventar på å verte hekta.

Sidesnuing – 7
Ikkje så veldig bra. Sidene går fort, men meir fordi dei er så lettleste, enn at dei er spennande.

Tempo – 7
Heilt greit. Det går ganske fort framover, men det er mykje info som skal vere med heile vegen.

Forutsigbarheit – 5
Ingen store overraskingar, dessverre.

Den gode kjensla – 6
Ikkje ei veldig god bok, ingen god krim. Dystert, stemningsfullt og fine karakterar, for all del, men historia er ei sjeldan blanding av kjedelig og ubehagelig.

Avslutninga – 7
Heilt grei.

TOTAL: 6,8

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2011 tommar barn, bauer, england

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: