Nok ei bok i serien om den walisiske noir-detektiven Louie Knight. Dette er nummer 5 i rekka. Har hatt den liggande i bokhaugen ei stund, og ikkje kåra meg til å lese den før no. Det er ikkje til å tru kva 4 veker på eit ungarsk hotell gjer med leselysta…
Denne gongen får han ein utanlandsk klient, nærare bestemt Uncle Vanya, som kjem frå den ukrainske byen Hughesovka. Det få veit er at det finst ein blåkopi av Aberystwyth i Ukraina, oppretta av den walisiske stålarbeidaren John Hughes.
Vanya har ei sak som involverer den forsvunne dottera hans, og som har tilknytning til ein naboby av Aberystwyth, som etter at demninga kom, no ligg under vatn.
(2009)
Vurdering:
Plottet – 7
Eit vanskeleg og komplisert plott, ikkje uvant frå den kanten.
Karakterane – 8
Veldig bra. Og Louie Knight er tilbake, i godt gammalt slag, etter eit litt underleg kvileskjer i forrige bok.
Miljøskildring – 8
Veldig bra, og veldig krevande. Det er så mykje rart i Aberystwyth, at ein skal ikkje blunke mange gongane før ein går glipp av noko.
Språket – 7
Veldig mange strekk der ting vert malt ut i det vide og det breie, utan at me kjem nokon veg. Men nytt av denne boka er det at disse strekka stort sett er proppa med one-liners av det humoristiske slaget. For eksempel linja: «I could tell he was a connoisseur of that most underrated of God´s inventions, silence»
Starten – 7
Litt trå start.
Sidesnuing – 6
Veldig varierande. Litt skuffande, eigentleg.
Tempo – 7
Litt som over.
Forutsigbarheit – 8
Som alltid, umulig å seie kvar me ender på neste side.
Den gode kjensla – 7
Synes denne på mange måtar var bedre enn den forrige, men likevel litt minus fordi den kjennes meir langdryg, og ofte vandrar langt frå historia.
Avslutninga – 8
Veldig bra.
TOTAL: 7,3
One response to “Malcolm Pryce – FROM ABERYSTWYTH WITH LOVE”