RSS

Alan Bradley – DØDEN HENGER I EN TRÅD

28 Sep

Bok nummer to i serien om Flavia de Luce.

Denne gongen er det ein omreisande dokketeatermann frå BBC som vert drepen, etter at han og assistenten hans dukkar opp i den vesle landsbyen til Flavia.

Som vanleg tek 11-åringen på seg saka, og løyser den raskare og bedre enn det lokale politiet klarer.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Omreisande dokketeatermann vert drepen i landsby: Ei spennande og forholdsvis enkel krimhistorie.

Karakterane – 8
Fine og sjarmerande karakterar. Flavia er fascinerande, og fleire av dei rundt henne er likandes og forholdsvis originale.

Miljøskildring – 8
England på 50-talet. Spennande og sjarmerande skildra.

Språket – 8
Enkelt og greit. Rett på sak.

Starten – 7
Heilt ok start, men nesten halve boka går før mordet boka handlar om vert utført.

Sidesnuing – 7
Spennande utover i boka, når endeleg noko har skjedd.

Tempo – 7
Det går overraskande fort framover, med tanke på at det ikkje skjer noko før såpass langt ute i boka. Det er kanskje litt for forteljande i stilen, men det passar godt til hovudkarakteren.

Forutsigbarheit – 8
Overraskande og spennande.

Den gode kjensla – 7
Spennande og stemningsfull bok. Ein veldig annaleis krim; uskuldig og barnlig på den eine sida, spennande og intrikat på den andre.

Avslutninga – 8
Spennande heile vegen ut.

TOTAL: 7,5

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/09/2011 in barn, bradley, canada, england

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: