Den 7. juli i år 777 vert den sjuande sonen av den sjuande sonen fødd på Isle of Wight. Det er både segn og forventingar knytt til datoen, og eit barn fødd på denne datoen er ikkje nødvendigvis godt nytt.
Ein seriemordar er laus i New York. Etter fleire drap, finn politiet ut at alle dei drepte har motteke eit postkort, der berre ei strekteikning av ei kiste på, og datoen dei vert drepne står skriven på. Det er alt. Utover det har offera tilsynelatande ingen tilknytning til kvarandre.
FBI-agenten Will Piper er nokre få måneder frå pensjonen sin, og vil helst ikkje ha så mykje å gjere no. Likevel får han denne høgprofilerte saka, med Dommedagsmordaren.
Eg må innrømme at eg byrja på Sjelenes Bok, av same forfattar, men det viste seg at det var så mange referransar til De dødes bibliotek i den boka, at etter 50 sider måtte eg kaste inn handkledet og kjøpe den, så den kunne verte lest fyrst. Men dessverre leste eg så langt i den andre boka at eg både visste omtrent kva plottet i denne boka var, og kven mordaren var…
(2009)
Vurdering:
Plottet – 8
Spennande krim med eit historisk bakteppe. Teksten bakpå boka lovar godt.
Karakterane – 8
Gode og truverdige.
Miljøskildring – 8
Fint og greit.
Språket – 9
Lettlest, kjapt og velskrive.
Starten – 8
Det startar med høgt spenningsnivå.
Sidesnuing – 10
Vert meir og meir spennande utover.
Tempo – 9
Går fort framover, nesten fritt for utanomtøv.
Forutsigbarheit – 8
Spennande heile vegen (med mindre du har lest dei fyrste 50 sidene av bok nummer 2)
Den gode kjensla – 9
Ei av dei beste bøkene på lenge.
Avslutninga – 9
Spenninga held seg heile vegen.
TOTAL: 8,6
One response to “Glenn Cooper – DE DØDES BIBLIOTEK”