RSS

Glenn Cooper – SJELENES BOK

13 Okt

Bok nummer to om den tidlegare FBI-agenten Will Piper. Dommedagssaka er avslutta, men Piper vert oppsøkt av to menn som gjerne vil han skal reise til London for å kjøpe ei bok på auksjon. Boka er den som manglar i Dommedagspuslespelet, og forklarar kvifor «De dødes bibliotek» slutta i 2027.

Men det er fleire som er interesserte i boka, og det tek ikkje lang tid før sirkuset er i gong.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 8
Sjølv om plottet her bygger vidare på De dødes bibliotek, er historia like spennande.

Karakterane – 8
Framleis veldig bra.

Miljøskildring – 8
Hovudfokuset er på landsbygda i England denne gongen, samt i New York. Veldig fin.

Språket – 9
Lettlest og fin.

Starten – 9
Spenninga er i gong frå starten av.

Sidesnuing – 10
Veldig bra.

Tempo – 9
Tempoet er akkurat sånn det skal vere. Raskt og fint.

Forutsigbarheit – 8
Litt meir varierande enn i den forrige boka. Det er litt for lett å vite kva som kjem til å skje.

Den gode kjensla – 8
Ei god bok, men litt annaleis enn den forrige. Blanding av fortid og notid, og store namn som Nostradamus og Shakespeare vert blanda inn.

Avslutninga – 8
Som det ofte vert når ein byggjer opp ei enorm forventing gjennom ei historie som skal ryste verden, så er det litt vanskeleg når alle lause trådar skal samlast. Og sånn er det også her.

TOTAL: 8,5

Reklame
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: