Eit av forfattarnamna ein høyrer om ofte, men som eg aldri har lese før. Prøvde å finne den fyrste boka, men måtte ta til takke med denne, som til gjengjeld såg veldig spennande ut på baksida.
Midt på torget i Larvik finn dei hovudet av ei ung jente tredd på ein stake. Nokre dagar seinare dukkar liket av ein mann opp i ein sjø.
Politimannen William Wisting har få ledetrådar når han skal bjynde å nøste opp i saka. Heldigvis er døtra Line, som no er journalist i VG, på veg til heimbyen for å dekke ei anna sak, då denne dukkar opp. (Reknar med ho har vore med i tidlegare bøker også)
Alt i alt ein spennande og fartsfylt krim, der politimannen Lier Horst absolutt har stålkontroll på det polititekniske.
(2009)
Vurdering:
Plottet – 8
Historia er både spennande og realistisk.
Karakterane – 8
Gode og utfyllande karakterar. Far og dotter jobbar godt saman, og den litt samansatte dansken som er med, virkar også bra.
Miljøskildring – 8
Bra og truverdig skildring av småbynorge.
Språket – 9
Lett og fint, ikkje mykje utanomsnakk. Bra driv og lettlest.
Starten – 9
Med eit haud på ein stake, så er me midt oppe i suppa med ein gong.
Sidesnuing – 8
Spennande stort sett heile vegen. Eit besøk i midtausten opplevast nok som det tyngste strekket i boka.
Tempo – 8
Det går fort, det er handlingsrelatert driv heile vegen.
Forutsigbarheit – 7
Ingen store overraskingar, sånn sett. Det er kanskje svakheita her, at ein tidleg ser konturane av det som har skjedd.
Den gode kjensla – 8
Ei overraskande god bok. Spennande og interessant.
Avslutninga – 8
Den held mål med resten av boka.
TOTAL: 8,1