Amerikansk virkeligheitskrim
Vart anbefalt å lese denne forfattaren av ein svenske eg jobba med i sommar. Han meinte det var enkel og billig krim, men veldig underhaldande. Så eg kjøpte den fyrste boka som kom ut på norsk.
Hovudpersonen er Harry Bosch, som er politimann i Los Angeles. I forkant av boka har Bosch gått inn åleine i ei leilegheit, og skote ein mistenkt i ei massedrapssak. Me går inn i det sivile søksmålet som meiner Bosch har handla uaktsamt.
Politiet er sikre på at dei har teke rett mann, men under rettsaka dukkar det opp ei ny sak, som kan tyde på at Bosch har teke feil mann.
Me fylgjer parallellt både rettsaka, og den nye saka som vert nøsta opp.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar truverdig amerikansk krim av høg kvalitet.
(1994)
Vurdering:
Plottet – 8
Politimannen Harry Bosch er beskulda for å ha handla uaktsamt i forbindelse med drapet på ein mistenkt i ei massedrapssak. Undervegs i den sivile rettsaka dukkar det opp informasjon som kan tyde på at Bosch har skote feil mann.
Karakterane – 9
Truverdige og ekte karakterar. Dei utfyller kvarandre fint, og det er bikarakterar som kun vert dregne inn der dei trengst. (Dette er bok nummer 3, men den fyrste som kom på norsk, så amerikanarane har nok vorte kjende med dei andre i tidlegare bøker)
Miljøskildring – 9
Stemningsfullt og fint om Los Angeles. Ofte er storbykrim lite stemningsfullt, fordi det er for raskt tempo, og for lite tid til detaljar, men her framstår LA som ein idyllisk by.
Språket – 10
Lettlest og enkelt språk. Meget bra skrive.
Starten – 8
Det er spennande frå starten av, der me går rett i rettsaka, og får nøsta opp litt av forhistoria.
Sidesnuing – 9
Det står på omslaget at dette er ei bok som er veldig vanskeleg å legge frå seg, og for ein gongs skuld har reklamefantane i forlaget rett.
Tempo – 8
Raskt, men likevel ikkje for stressande. Det er få utanomturar, og dei få som er her, gir mykje til historia.
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 10
Verkeleg den beste boka eg har lest på lenge. Spennande og solid, og ingen stader der du tenker; «jesus, kva er det forfattaren prøver på her», slik det ofte er i dei fleste krimbøker.
Avslutninga – 9
TOTAL: 8,8
One response to “Michael Connelly – BETONGBLONDINEN”