RSS

Monica Kristensen – HOLLENDERGRAVEN

24 Nov

Krimdebuten til polfarar Monica Kristensen, som skriv om miljøet på Svalbard.

I denne boka finn turistar ein hovudskalle i ei gammal grav, men hovudet er åpenbart av mykje nyare dato enn resten av levningane i kista. Men ingen veit kven den omkomne er, og heller ikkje kvifor vedkomande er drepen, eller kvar resten av kroppen er. Og kvifor er hovudet delt frå resten av kroppen?

Sysselmannen får ansvaret, og Kripos kjem til øygruppa for å hjelpe til.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 7
Historia er forholdsvis klassisk, verkelegheitsnær og spennande.

Karakterane – 8
Karakterane er gode og ei fin blanding. Det er etter kvart mange namn å forholde seg til, utan at det vert for komplisert (med unntak av at nokre har litt for like namn)

Miljøskildring – 9
Veldig fint og stemningsfullt, om isødet på Svalbard.

Språket – 8
Ganske bra. Litt enkelt, og litt for hakkete somme stader, men ellers lettlest og fint. Kristensen er også flink til å sy inn informasjon om karakterane undervegs, utan å gå store omvegar for å gjere dette.

Starten – 7
Det byrjar bra, men kokar ikkje heilt i starten. Det tek ganske lang tid før me i det heile tatt kjem nokon veg i etterforskinga.

Sidesnuing – 8
Til tider bra. Mot slutten er det ganske spennande.

Tempo – 8
Tempoet er roleg, men likevel kjennes det ikkje som om historia stoppar opp. Det går jamnt framover heile vegen.

Forutsigbarheit – 8
Ganske fine tvistar, sjølv om hinta om kven som har gjort det vert litt for tydelege, litt for tidleg.

Den gode kjensla – 9
Ei fin bok, der den stemningsfulle skildringa av Svalbard er bedre enn sjølve krimmen.

Avslutninga – 8
God og spennande, med ein fin vri. Samstundes vert nokre ting liggande utan svar, noko som innbyr til å lese neste bok, der ein reknar med at nokre av karakterane kjem til å verte meir sentrale.

TOTAL: 8,0

 
Éin kommentar

Posta av den 24/11/2011 tommar kristensen (monica), norge, politi, svalbard

 

One response to “Monica Kristensen – HOLLENDERGRAVEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: