RSS

Torkil Damhaug – ILDMANNEN

30 Nov

Ei splitter ny bok frå Damhaug.

Ein stall brenn ned i området Lillestrøm/Lørenskog. Nesten 30 hestar brenn inne. Seinare krev andre brannar menneskeliv.

Ein ung gut vert forelska i ei pakistansk jente, og kjem i trøbbel med broren og familien til jenta. Han rotar seg bort i ei nasjonalistisk gruppering.

Ein journalist som dekker brannsakene, finn eit glas vatn ved senga til den vesle dottera si om morgenen, eit glas ho ikkje kunne fått tak i sjølv.

Dei fyrste sidene i denne boka var tunge. Ei lang bok, ein litt treig start, men så skjer det noko. Etter rundt 30 sider, og over dei neste 400 eller så, er boka i ei klasse for seg sjølv. Damhaug har skreve bra før, i Se Meg Medusa og Døden ved Vann, men dette er noko anna.

Ildmannen har kanskje ikkje den mest spennande krimhistoria i seg. Langt derifrå. Men Damhaug skriv på ein måte som ingen annen, sjølv ikkje Jo Nesbø klarer å fange lesaren på denne måten. Boka er så og seie umulig å legge frå seg, og det til tross for at krimhistoria ikkje er så genial.

Ut frå dei bøkene eg har lese hittil i år, så vil eg påstå at ingen norske krimforfattarar når Damhaug til knea når det gjeldar forteljarevne, dramaturgi og språk. Litt treig start, og ei litt lite eksotisk historie trekk litt ned, hvis ikkje hadde denne boka nok vore blant topp 3 av alle bøkene på disse sidene.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 7
Som nemnt er det ikkje sjølve krimen som er det store her. Den er ganske midt på treet, sjølv om det er fleire historier som vert samansydde.

Karakterane – 9
Gode og truverdige. Her er det ingen supermenneske, men heller normale og litt kjedelige folk, som opplever uvanlege ting.

Miljøskildring – 8
Bra.

Språket – 10
Fantastisk. Du vert sugd inn i det, og greier ikkje å kome deg ut før historia er ferdig. Og det er ei lang historie.

Starten – 8
Ein litt treig start som sett kriteria for historia. Men så er me i gong.

Sidesnuing – 10
Når me er over starten, er det knapt mulig å legge frå seg boka. To kvelder gjekk med på dei siste 400 sidene, etter å ha brukt 2-3 dagar på dei fyrste 30.

Tempo – 9
Historia går rette vegen heile tida, og me får rikeleg med ekstrainformasjon undervegs, utan at det tek det minste fokus frå historiene.

Forutsigbarheit – 9
Spennande, og gode tvistar, heile vegen. Du trur du heile tida veit kven som har gjort det, men du tek feil.

Den gode kjensla – 9
Ei veldig god bok, med unntak av dei fyrste sidene.

Avslutninga – 9
Den er bra og spennande og overraskande, likevel drøyer det litt i meste laget på slutten, og det flatar litt ut.

TOTAL: 8,8

Advertisements
 
 

One response to “Torkil Damhaug – ILDMANNEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: