RSS

Monica Kristensen – KULLUNGE

07 Des

Den andre boka frå Monica Kristensen med tema frå Svalbard.

Denne gongen er det ungar som forsvinn i korte periodar frå ein barnehage i Longyearbyen, utan at dei ansette veit kvar dei gøymer seg. Men dei dukkar opp att etter kvart. Men så vert ei lita jente borte, utan å dukke opp igjen.

Handlinga er sentrert veldig rundt gruvedrifta i Longyearbyen i denne boka, og til å vere eit så lite samfunn, så har Kristensen greidd å skildre ei anna side av Svalbard denne gongen.

(2008)

Vurdering:

Plottet – 6
Heilt grei. Ei litt mindre spennande historie enn den fyrste boka, Hollendergraven.

Karakterane – 8
Gode og varierte karakterar. Ein del av dei som var med i fyrste boka, er attende her, blant anna den sympatiske Knut Fjeld.

Miljøskildring – 8
Bra, sjølv om den ikkje sit like bra her som i den fyrste boka.

Språket – 8
Enkelt og fint. Igjen, så er det litt seigare her enn i den fyrste boka, men likevel bra.

Starten – 7
Ganske roleg start, men heilt grei.

Sidesnuing – 7
Heilt OK. Det vert litt for lange strekk utan for mykje spenning, dessverre. Ei bihistorie som ikkje er så spennande, blant anna.

Tempo – 7
Det går greit og framover heile vegen, men det kokar ikkje akkurat.

Forutsigbarheit – 7
Heile oppsettet er litt rotete, så sjølv om det er ein tvist, så er det ikkje så spennande som det burde vore.

Den gode kjensla – 7
Dessverre ein skuffelse etter Hollendergraven. Ikkje like mykje driv, ikkje like spennande historie, og litt rotete. Eit par passar virkar det også som om Kristensen har gløymt å forklare ting til oss, og mot slutten er det minst ein tråd som ikkje vert nøsta opp.

Avslutninga – 7
I samsvar med resten. Me veit litt for tidleg kva som vil skje, dessverre.

TOTAL: 7,2

 
Éin kommentar

Posta av den 07/12/2011 tommar barn, kristensen (monica), norge, politi, svalbard

 

One response to “Monica Kristensen – KULLUNGE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: