RSS

Lene Kaaberbøl & Agnete Friis – ET STILLE, UMERKELIG DRAP

24 Des

Den andre boka til desse to, om Nina Borg, etter Gutten i kofferten.

Av ein eller annan grunn byrja eg på denne i vår ein gong, men la den frå meg etter eit par kapittel. Det dukka vel opp ei meir interessant ei…

Men boka er ok den. To unge rom-gutar i Ungarn finn noko verdifullt på eit nedlagt russisk sjukehus. I Danmark vert ei gruppe romfolk alvorleg sjuke, og Nina Borg må ta seg av dei.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Middels spennande historie, ikkje så lett å verte bitt av basillen her.

Karakterane – 7
Gode og greie. Litt færre av dei karakterane me møtte i forrige bok enn ein skulle tru. Stort sett er det Nina Borg som er fokus på.

Miljøskildring – 7
Grei.

Språket – 8
Forholdsvis lettlest, og ikkje så mykje utanom.

Starten – 7
Starten går treigt og sakte. Dette er ei bok du må gi litt tid i byrjinga.

Sidesnuing – 8
Ganske spennande når me kjem utover i boka.

Tempo – 7
Heilt ok. Sjølv om du ikkje føler at det stoppar opp, så går det ikkje kjempefort. I alle fall ikkje i fyrste halvdel.

Forutsigbarheit – 7
Ikkje så veldig spennande, og manglar litt tvistar mot slutten.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt ok bok, på ingen måte dårleg, men har ikkje det spenningsmomentet som ein forventar frå ei god krimbok.

Avslutninga – 7
Som resten av historia. Heilt ok.

TOTAL: 7,2

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: